6. Helheims reip vart spente ¬om meg,dødens snarer låg i min veg.
7. Då kalla eg på Herren i mi naudog ropa til min Gud.Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel,til hans øyra nådde mitt rop.
8. Då skalv og riste jorda,grunnen under fjella skok,dei skalv fordi han var harm.
9. Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn;gneistar og glør fór ut frå han.
10. Han senka himmelen ¬og steig nedmed svarte skyer ¬under sine føter.
11. Sitjande på kjerubar flaug han,fór fram på vengene åt vinden.
12. Han gjorde mørkret ¬til si gøymsle,og kring seg hadde han ¬som eit teltsvarte, regntunge skyer.
13. Frå stråleglansen framføre hankom det ut or skyenehagl og gloande kol.