Salmane 18:32-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. For kven er Gud ¬forutan Herren,og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?

33. Gud rustar meg ut med styrkeog gjer mi ferd ulastande.

34. Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.

35. Han lærer opp mine hender ¬til strid,mine armar til å spenna ¬bronsebogen.

36. Du gjev meg di frelse til skjoldog stør meg med di høgre hand.Du bøyer deg ned ¬og gjer meg stor.

37. Du jamnar veg for mine steg,og mine okle er støe.

38. Eg jagar mine fiendar ¬og tek dei att;eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.

39. Eg knuser dei, ¬så dei ikkje kan reisa seg,men ligg under føtene mine.

40. Du rustar meg med styrke ¬til stridenog tvingar mine motstandarar ¬i kne.

41. Du slår mine fiendar på flukt,eg rydjar ut dei som hatar meg.

42. Dei ropar, men ingen bergar,dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.

43. Eg knuser dei ¬som støv for vindenog kastar dei ut ¬som avfall i gata.

44. Du berga meg frå folk ¬som låg i strid,og sette meg til hovding ¬over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg,

45. dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.Framande kryp for meg,

46. ja, dei framande er utmødde,skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.

47. Herren lever!Mitt berg vere lova!Opphøgd vere Gud, min frelsar.

48. Gud gjev meg hemnog legg folkeslag under meg.

49. Han friar meg frå mine fiendar,ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandararog bergar meg frå valdsmenn.

Salmane 18