Salmane 18:17-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Han rette ut si hand ¬frå det høge og greip meg,drog meg opp ¬or det djupe vatnet.

18. Han berga meg ¬frå min mektige fiende,frå motstandarar ¬som var meg for sterke.

19. Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,men Herren var ei støtte ¬for meg.

20. Han førte meg ut i ope lendeog fria meg ut, ¬for han har meg kjær.

21. Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd,han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.

22. For eg hadde halde meg ¬til Herrens vegarog ikkje falle frå min Gud ¬i vondskap.

23. Alle hans lover ¬hadde eg for augaog støytte ikkje frå meg ¬hans bod.

24. For han var eg heil i mi ferdog akta meg vel, ¬så eg ikkje synda.

25. Herren lønte meg ¬for mi rettferd,då han såg at mine hender ¬var reine.

26. Du er trufast ¬mot den som er trufast,heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta mann.

27. Du viser deg rein mot den reine,men vrang mot den svikefulle.

28. For du frelser dei hjelpelause,men audmykjer dei ¬som har stolte augo.

29. Ja, du lèt mi lampe skina, Herre,min Gud lyser opp ¬i mitt mørker.

30. Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk,med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.

Salmane 18