1. Ei bøn. Av David.Lyd etter, Herre, ¬du rettferdige Gud,høyr mitt rop og merk mi bønfrå lipper som er utan svik.
2. Lat meg frikjennast ¬ved din dom!Dine augo ser då ¬kva som er rett.
3. Om du prøver mitt hjartaog granskar det om natta,ja, om du prøver meg med eld,finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg.Eg synda ikkje med min munn,
4. så som mange menneske gjer.Etter det ordet du har tala,heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar.
5. Eg fylgde i dine fotefarog gjekk med faste steg.
6. Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud.Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord!
7. Syn din godleik ¬i underfull gjerning!Du frelser dei ¬som flyr frå fiendarog søkjer livd ¬ved di høgre hand.
8. Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen ¬av dine venger
9. for dei gudlause ¬som går imot meg,for dødsfiendar ¬som omringar meg.