Salmane 17:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei bøn. Av David.Lyd etter, Herre, ¬du rettferdige Gud,høyr mitt rop og merk mi bønfrå lipper som er utan svik.

2. Lat meg frikjennast ¬ved din dom!Dine augo ser då ¬kva som er rett.

3. Om du prøver mitt hjartaog granskar det om natta,ja, om du prøver meg med eld,finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg.Eg synda ikkje med min munn,

4. så som mange menneske gjer.Etter det ordet du har tala,heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar.

5. Eg fylgde i dine fotefarog gjekk med faste steg.

6. Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud.Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord!

7. Syn din godleik ¬i underfull gjerning!Du frelser dei ¬som flyr frå fiendarog søkjer livd ¬ved di høgre hand.

Salmane 17