Salmane 148:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Han lét dei få sin stad ¬for alltidog gav ei lov dei ikkje bryt.

7. Lovsyng Herren frå jorda,de store sjødyr og alle havdjup,

8. eld og hagl, snø og skodd,du storm som set hans ord ¬i verk!

9. De fjell og alle haugar,frukttre og alle sedrar,

10. de ville dyr og alle slag fe,krypdyr og flygande fuglar!

11. De kongar på jord og alle folk,stormenn og styresmenn ¬i verda,

12. de unge menn og kvinner,gamle folk og gutar!

13. Dei skal lova Herrens namn,for berre hans namn ¬er opphøgt;hans herlegdom er utbreiddover himmel og jord.

Salmane 148