Salmane 148:3-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Lov han, sol og måne,lov han, kvar lysande stjerne!

4. Lov han, du høge himmel,du vatn oppover himmelen!

5. Dei skal lova Herrens namn,for dei vart skapte ¬då han baud.

6. Han lét dei få sin stad ¬for alltidog gav ei lov dei ikkje bryt.

7. Lovsyng Herren frå jorda,de store sjødyr og alle havdjup,

8. eld og hagl, snø og skodd,du storm som set hans ord ¬i verk!

9. De fjell og alle haugar,frukttre og alle sedrar,

10. de ville dyr og alle slag fe,krypdyr og flygande fuglar!

11. De kongar på jord og alle folk,stormenn og styresmenn ¬i verda,

12. de unge menn og kvinner,gamle folk og gutar!

13. Dei skal lova Herrens namn,for berre hans namn ¬er opphøgt;hans herlegdom er utbreiddover himmel og jord.

14. Stor kraft har han gjeve ¬sitt folk.Difor får han lovsong ¬frå alle sine trugne,frå Israel, det folket ¬som får vera han nær.Halleluja!

Salmane 148