Salmane 144:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Mennesket er ¬som ein vindpust,dei dagar det lever, ¬som ein kvervande skugge.

5. Herre, senk din himmel ¬og stig ned,rør ved fjella, så det ryk av dei!

6. Lat lyna blinka, ¬så fiendane vert spreidde!Skyt dine piler, ¬så dei vert skræmde!

7. Rett ut di hand frå det høge,fri meg og frels meg ¬frå det djupe vatnet,frå dei framande mennene,

8. frå dei som brukar sin munn ¬til lygnog si høgre hand til svik.

9. Gud, eg vil syngja ein ny songog spela for deg ¬på tistrengja harpe,

10. du som gjev kongar sigerog friar ut David, din tenar.Berg meg ¬frå det vonde sverdet,

11. frels meg ¬frå dei framande mennene,frå dei som brukar ¬sin munn til lygnog si høgre hand til svik.

12. Våre søner liknar planter,dei veks seg høge ¬i ungdoms år.Våre døtrer er som søyler,hogne ut i tempelstil.

13. Våre stabbur er fulle,dei bognar av alle slag varer.Sauene våre ute på markeneaukar til tusen, ja mange tusen.

Salmane 144