Salmane 144:2-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Herre, mi miskunn og mi borg,mi festning ¬og min bergingsmann,mitt skjold, ¬som eg set mi lit til,du som legg folkeslag ¬under meg!

3. Herre, kva er vel eit menneske,sidan du kjennest ved det,eit menneskebarn, ¬sidan du aktar på det?

4. Mennesket er ¬som ein vindpust,dei dagar det lever, ¬som ein kvervande skugge.

5. Herre, senk din himmel ¬og stig ned,rør ved fjella, så det ryk av dei!

6. Lat lyna blinka, ¬så fiendane vert spreidde!Skyt dine piler, ¬så dei vert skræmde!

Salmane 144