7. Skund deg og svar meg, Herre,elles går mi ånd til grunne. Løyn ikkje ditt andlet for meg,elles vert eg lik dei ¬som har gått i grav.
8. Lat meg høyra om di miskunn ¬om morgonen,for eg set mi lit til deg!Lær meg den veg eg skal gå,for eg lyfter mi sjel til deg.
9. Fri meg frå mine fiendar, ¬Herre!Hjå deg søkjer eg livd.
10. Lær meg å gjera din vilje,for du er min Gud!Lat din gode Ande leia megpå jamne stigar!
11. Hald meg i live, Herre,til ære for ditt namn!Før meg i di rettferdut or trengsla!
12. Ryd ut mine fiendar,du som er trufast;gjer ende på ¬alle mine motstandarar!For eg er din tenar.