Salmane 14:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarta:«Det er ingen Gud.»Vonde og stygge ¬er deira gjerningar,det finst ikkje ein som gjer godt.

2. Frå himmelen skodar Herrenned på menneska.Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug,nokon som søkjer Gud.

3. Alle er komne på avveg,alle er dei vonde.Det finst ikkje éin ¬som gjer godt,ikkje ein einaste.

4. Skjønar dei då ingen ting,desse ugjerningsmennene?Dei sluker mitt folk,som ein et opp brød,og kallar ikkje på Herren.

Salmane 14