11. Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna megog ljoset ikring meg ¬verta natt»,
12. så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg,og natta er ljos som dagen,ja, mørkret er som ljoset.
13. For du har skapt mitt indre,du har vove meg i mors liv.
14. Eg takkar deg fordi eg er skaptpå skræmeleg underfull vis.Underfulle er dine verk,det veit eg så vel.
15. Mine bein var ikkje dulde ¬for degdå eg vart skapt i løyndomog forma djupt i jorda.
16. Du såg meg då eg var eit foster,i di bok vart alt skrive opp;mine dagar fekk si formfør ein einaste av dei ¬var komen.
17. Kor høge dine tankar er, Gud,kor veldig summen av dei!
18. Vil eg telja dei, ¬er dei tallause som sand;kjem eg til endes med det, ¬er eg enno hjå deg.
19. Gjev du ville drepa den vonde, ¬Gud,og la drapsmennene vika ¬frå meg,
20. dei som talar svikefullt om degog reiser seg mot deg ¬i vondskap.
21. Eg hatar dine fiendar, Herre,har uvilje mot dei ¬som står deg imot.
22. Eg hatar dei ¬med eit grenselaust hatog held dei for mine fiendar.
23. Ransak meg, Gud, ¬og kjenn mitt hjarta,prøv meg og kjenn ¬mine tankar!
24. Sjå om eg er ¬på den vonde vegen,og lei meg på ævevegen!