Salmane 135:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei gudebilete folka dyrkar,er laga av sølv og gull;dei er eit verk ¬av menneskehender.

16. Dei har munn, ¬men kan ikkje tala,dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

17. Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra,det er ikkje pust i deira munn.

18. Såleis vert dei ¬som lagar dei òg,og alle som set si lit til dei.

19. Israels ætt, lov Herren!Arons ætt, lov Herren!

20. Levis ætt, lov Herren!Lov Herren, de som ottast han!

21. Lova vere Herren frå Sion,han som bur i Jerusalem!Halleluja!

Salmane 135