Salmane 135:12-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Han gav deira land ¬til odel og eigefor Israel, sitt folk.

13. Herre, evig varer ditt namn,ætt etter ætt kjem deg i hug.

14. For Herren hjelper sitt folk ¬til deira rett,har medynk med sine tenarar.

15. Dei gudebilete folka dyrkar,er laga av sølv og gull;dei er eit verk ¬av menneskehender.

16. Dei har munn, ¬men kan ikkje tala,dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

17. Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra,det er ikkje pust i deira munn.

18. Såleis vert dei ¬som lagar dei òg,og alle som set si lit til dei.

19. Israels ætt, lov Herren!Arons ætt, lov Herren!

Salmane 135