Salmane 135:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Halleluja!Pris Herrens namn,syng lovsong, Herrens tenarar,

2. de som står i Herrens hus,i føregardane til vår Guds hus!

3. Pris Herren, for han er god,lovsyng hans namn, ¬for det er herleg!

4. For Herren har valt ut Jakob,gjort Israel til sin eigedom.

5. Ja, eg veit at Herren er stor,vår Herre er større ¬enn alle gudar.

6. Alt han vil, det gjer han,i himmelen og på jorda,i havet og alle dei store djup.

7. Han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda,skaper lyn, lèt regnet fallaog sender vinden ¬frå hans opplagsrom.

8. Han slo dei fyrstefødde ¬i Egypt,både av folk og fe.

9. Han sende teikn ¬og gjorde underi landet ditt, Egypt,med farao og alle hans tenarar.

10. Han slo ned mange folkeslagog gjorde ende ¬på sterke kongar:

Salmane 135