Salmane 119:81-86 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

81. Mi sjel brenn av lengsle ¬etter di frelse,og eg ventar på ditt ord.

82. Mine augo lengtar ¬etter ditt ord,og eg spør: ¬«Når vil du trøysta meg?»

83. For eg har vorte ¬som ein turr skinnsekk;men dine føreskrifter ¬gløymer eg ikkje.

84. Kor lenge skal din tenar venta?Når vil du døma ¬dei som forfylgjer meg?

85. Dei frekke som ikkje held ¬di lov,grev fallgraver for meg.

86. Alle dine bod er pålitelege.Hjelp meg mot dei ¬som forfylgjer meg med lygn.

Salmane 119