66. Gjev meg kunnskap og ¬godt vit,for eg trur på dine bod!
67. Før eg vart audmykt, fór eg vilt,men no held eg meg ¬til ditt ord.
68. God er du, og godt gjer du.Lær meg dine føreskrifter!
69. Dei frekke har sverta meg ¬med lygn,men eg held heilhuga ¬dine føresegner.
70. Deira hjarta er feitt og sløvt,men eg har mi lyst i di lov.
71. Det var godt for meg ¬at eg vart audmykt,så eg kunne læra ¬dine føreskrifter.
72. For meg er lova ¬som du forkynner,betre enn tusen stykke ¬gull og sølv.
73. Dine hender har skapt ¬og forma meg.Gjev meg skjøn, ¬så eg lærer dine bod!
74. Dei som ottast deg, ¬skal sjå meg med glede,for eg ventar på ditt ord.
75. Herre, eg veit ¬at dine domar er rette;i truskap har du audmykt meg.
76. Lat din godleik vera mi trøystetter ditt ord til din tenar!
77. Lat meg møta di miskunn, ¬så eg kan leva,for di lov er mi lyst.
78. Lat dei frekke verta ¬til skammar,dei som lyg på meg ¬og gjer meg urett.Eg grundar på dine føresegner.
79. Lat dei venda seg til meg,dei som ottast deg ¬og kjenner dine lovbod.
80. Lat meg fylgja dine føreskrifter ¬av heile mitt hjarta,så eg ikkje vert til skammar.
81. Mi sjel brenn av lengsle ¬etter di frelse,og eg ventar på ditt ord.