61. Snarene åt dei gudlause ¬slyngjer seg om meg,men eg har ikkje gløymt di lov.
62. Midt på natta ¬står eg opp og prisar degfor dine rettferdige domar.
63. Eg held meg til alle ¬som ottast degog fylgjer dine føresegner.
64. Jorda er full av di miskunn, ¬Herre.Lær meg dine føreskrifter!
65. Herre, etter ditt ordhar du gjort vel mot din tenar.
66. Gjev meg kunnskap og ¬godt vit,for eg trur på dine bod!
67. Før eg vart audmykt, fór eg vilt,men no held eg meg ¬til ditt ord.
68. God er du, og godt gjer du.Lær meg dine føreskrifter!
69. Dei frekke har sverta meg ¬med lygn,men eg held heilhuga ¬dine føresegner.
70. Deira hjarta er feitt og sløvt,men eg har mi lyst i di lov.
71. Det var godt for meg ¬at eg vart audmykt,så eg kunne læra ¬dine føreskrifter.
72. For meg er lova ¬som du forkynner,betre enn tusen stykke ¬gull og sølv.
73. Dine hender har skapt ¬og forma meg.Gjev meg skjøn, ¬så eg lærer dine bod!