Salmane 119:48-60 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

48. Eg lyfter mine hendertil dine bod, som eg elskar,og eg grundar ¬på dine føreskrifter.

49. Kom i hug ditt ord ¬til din tenar!Du har då gjeve meg von.

50. Det er mi trøyst i nauda,at ditt ord held meg i live.

51. Dei frekke ¬spottar meg stendig,men eg har ikkje bøygt av ¬frå di lov.

52. Eg kjem i hug dine domar ¬frå gamal tid,og då finn eg trøyst, Herre.

53. Eg har vorte brennande harmpå dei vonde som sviktar ¬di lov.

54. Dine føreskrifter ¬har vorte til songar for megi huset der eg bur ¬som framand.

55. Eg kjem i hug ditt namn ¬om natta, Herre,og held meg til di lov.

56. Så har det vorte for megat eg fylgjer dine føresegner.

57. Herren er min lut og del;eg har sagt ¬at eg vil halda dine ord.

58. Eg bed deg av heile mitt hjarta:Ver meg nådig etter ditt ord!

59. Eg har grunda på mi ferdog vendt meg til dine lovbod.

60. Eg dryer ikkje, ¬men skundar megmed å halda dine bod.

Salmane 119