Salmane 119:45-52 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

45. Lat meg ferdast i ope lende,for eg spør ¬etter dine føresegner!

46. Eg vil tala for kongar ¬om dine lovbod,og eg skal ikkje verta ¬til skammar.

47. Eg har mi glede i dine bod,dei held eg av.

48. Eg lyfter mine hendertil dine bod, som eg elskar,og eg grundar ¬på dine føreskrifter.

49. Kom i hug ditt ord ¬til din tenar!Du har då gjeve meg von.

50. Det er mi trøyst i nauda,at ditt ord held meg i live.

51. Dei frekke ¬spottar meg stendig,men eg har ikkje bøygt av ¬frå di lov.

52. Eg kjem i hug dine domar ¬frå gamal tid,og då finn eg trøyst, Herre.

Salmane 119