38. Stadfest ditt ord for din tenar,så eg kan ha age for deg.
39. Ta bort den vanære ¬som eg er redd,for dine domar er gode!
40. Sjå, eg lengtar ¬etter dine føresegner,hald meg i live ved di rettferd!
41. Herre, lat di miskunn og frelsekoma til meg etter ditt ord!
42. Så kan eg svara ¬dei som spottar meg,for eg lit på ditt ord.
43. Ta ikkje sanningsordet ¬frå min munn,for eg ventar på dine domar.
44. Så vil eg alle dagarstendig halda di lov.
45. Lat meg ferdast i ope lende,for eg spør ¬etter dine føresegner!
46. Eg vil tala for kongar ¬om dine lovbod,og eg skal ikkje verta ¬til skammar.
47. Eg har mi glede i dine bod,dei held eg av.
48. Eg lyfter mine hendertil dine bod, som eg elskar,og eg grundar ¬på dine føreskrifter.
49. Kom i hug ditt ord ¬til din tenar!Du har då gjeve meg von.