25. Eg ligg hjelpelaus i støvet.Hald meg i live etter ditt ord!
26. Eg fortalde om mine vegar,og du svara meg.Lær meg dine føreskrifter!
27. Lat meg skjøna den veg ¬dine føresegner viser!Eg vil grunda på dine under.
28. Eg græt og syrgjer sårt.Reis meg opp etter dine ord!
29. Hald meg borte ¬frå lygnevegen,og unn meg i nåde di lov!
30. Truskapsvegen har eg valt,dine domar har eg for auga.
31. Eg held fast på dine lovbod.Herre, lat meg ikkje verta ¬til skammar!
32. Eg vil springa den veg ¬dine bod viser,for du friar mitt hjarta ¬frå angst.
33. Herre, lær meg den veg ¬dine føreskrifter viser,så vil eg fylgja han ¬heilt til slutt!
34. Gjev meg vit, så eg fylgjer ¬di lovog held henne ¬av heile mitt hjarta!
35. Lat meg gå på den stig ¬dine bod viser,for han er til hugnad for meg.
36. Bøy mitt hjarta til dine lovbodog ikkje til ussel vinning!
37. Vend mine augo frå svik,hald meg i live på din veg!
38. Stadfest ditt ord for din tenar,så eg kan ha age for deg.
39. Ta bort den vanære ¬som eg er redd,for dine domar er gode!
40. Sjå, eg lengtar ¬etter dine føresegner,hald meg i live ved di rettferd!
41. Herre, lat di miskunn og frelsekoma til meg etter ditt ord!