Salmane 119:168-176 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

168. Dine bod og føresegner ¬har eg halde,du kjenner alle mine vegar.

169. Lat mitt klagerop ¬koma fram for deg, Herre,gjev meg skjøn etter ditt ord!

170. Lat mi inderlege bøn ¬koma fram for deg,berga meg etter ditt ord!

171. Frå mine lipper ¬skal lovsongen strøyma,for du lærer meg ¬dine føreskrifter.

172. Eg skal syngja om dine ord,for alle dine bod er rettferdige.

173. Kom meg til hjelp ¬med di hand!For eg har valt dine føresegner.

174. Eg lengtar etter di frelse, Herre,di lov er mi lyst.

175. Lat meg leva, ¬så skal eg prisa deg,lat meg få hjelp av dine domar!

176. Eg har gått meg vill ¬som ein bortkomen sau.Leita etter meg, din tenar,for eg har ikkje ¬gløymt dine bod.

Salmane 119