Salmane 119:155-165 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

155. Langt frå frelsa er dei ¬gudlause,for dei spør ikkje ¬etter dine føreskrifter.

156. Stor er di miskunn, Herre,fell din dom og lat meg leva!

157. Mange forfylgjer meg ¬og står meg imot;men eg vik ikkje ¬frå dine lovbod.

158. Eg ser med uvilje ¬på dei trulause,som ikkje gjev akt på ditt ord.

159. Sjå, eg elskar dine føresegner!Herre, du som er trufast, ¬hald meg i live!

160. Summen av dine ord er sanning,evig er all din rettferdige dom.

161. Om stormenn forfylgjer meg ¬utan grunn,så har eg age for ditt ord ¬i mitt hjarta.

162. Eg gleder meg over ditt ord,lik ein som fører bort ¬stort hærfang.

163. Eg hatar og avskyr lygn,og eg elskar di lov.

164. Sju gonger om dagen ¬prisar eg degfor dine rettferdige domar.

165. Dei som elskar di lov, ¬har fred og lukke,ingen ting får dei til å snåva.

Salmane 119