Salmane 119:141-154 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

141. Liten og vanvørd er eg,men dine føresegner ¬gløymer eg ikkje.

142. Di rettferd er ei evig rettferd,og di lov er sanning.

143. Naud og trengsle har råka meg,men dine bod er mi lyst.

144. Dine lovbod er alltid rette.Gjev meg skjøn, så eg kan leva!

145. Av heile mitt hjarta ¬ropar eg, Herre.Svar meg, så vil eg fylgja ¬dine føreskrifter!

146. Eg ropar til deg. Frels meg,så vil eg halda dine lovbod!

147. Før morgonen renn, ¬ropar eg om hjelp;eg ventar på dine ord.

148. Eg ligg vaken i nattevakteneog grundar på ditt ord.

149. Herre, du som er trufast, ¬høyr når eg ropar,hald meg i live ¬etter dine domar!

150. No kjem dei ¬som skamlaust ¬forfylgjer meg,dei som er langt borte frå ¬di lov.

151. Men, Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

152. Av dine lovbod ¬har eg lenge skjønaat du har fastsett dei for evig.

153. Sjå mi naud og fri meg ut!For eg har ikkje gløymt di lov.

154. Før mi sak og løys meg ut,hald meg i live etter ditt ord!

Salmane 119