Salmane 119:128-140 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

128. Difor rettar eg meg ¬etter alle dine føresegner;eg hatar alle falske stigar.

129. Underfulle er dine lovbod,difor tek eg vare på dei.

130. Dine ord gjev ljos ¬når dei opnar seg,dei gjev den urøynde skjøn.

131. Med lengsle opnar eg munnen,for eg stundar etter dine bod.

132. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig!Det er rett mot dei ¬som elskar ditt namn.

133. Gjer mine steg faste ¬ved ditt ord,lat ingen urett få makt ¬over meg!

134. Fri meg frå menneskevald,så vil eg halda dine føresegner!

135. Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar,og lær meg dine føreskrifter!

136. Tårene strøymer frå augo mine,fordi folket ikkje held di lov.

137. Rettferdig er du, Herre,og rettvise er dine domar.

138. Du gav dine lovbod i rettferdog i din store truskap.

139. Eg forgår av brennhug,fordi mine fiendar ¬har gløymt dine ord.

140. Skirt og reint er ditt ord,din tenar elskar det.

Salmane 119