Salmane 119:127-135 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

127. Eg elskar dine bodmeir enn gull, ja, fint gull.

128. Difor rettar eg meg ¬etter alle dine føresegner;eg hatar alle falske stigar.

129. Underfulle er dine lovbod,difor tek eg vare på dei.

130. Dine ord gjev ljos ¬når dei opnar seg,dei gjev den urøynde skjøn.

131. Med lengsle opnar eg munnen,for eg stundar etter dine bod.

132. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig!Det er rett mot dei ¬som elskar ditt namn.

133. Gjer mine steg faste ¬ved ditt ord,lat ingen urett få makt ¬over meg!

134. Fri meg frå menneskevald,så vil eg halda dine føresegner!

135. Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar,og lær meg dine føreskrifter!

Salmane 119