Salmane 119:116-133 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

116. Hald meg oppe etter ditt ord,så eg kan få leva.Lat ikkje mi von ¬verta til skammar!

117. Stø meg, så eg kan verta frelstog alltid ha dine føreskrifter ¬for auga.

118. Alle som vildrar seg bort ¬frå dine føreskrifter,viser du frå deg, ¬for dei tenkjer på svik.

119. Alle dei vonde i landettek du bort som slagg;difor elskar eg dine lovbod.

120. Min lekam skjelv ¬av redsle for deg;eg har age for dine domar.

121. Eg har gjort rett og rettferd.Gjev meg ikkje over ¬til valdsmennene!

122. Gå god for din tenar, ¬så det går han vel.Lat ikkje dei frekke få kua meg!

123. Eg ser med lengsle ¬etter di frelseog etter ditt rettferdige ord.

124. Far fram i truskap ¬mot din tenar,og lær meg dine føreskrifter!

125. Eg er din tenar; gjev meg vit,så eg kan skjøna dine lovbod!

126. Det er tid for Herren ¬til å gripa inn;for dei har brote di lov.

127. Eg elskar dine bodmeir enn gull, ja, fint gull.

128. Difor rettar eg meg ¬etter alle dine føresegner;eg hatar alle falske stigar.

129. Underfulle er dine lovbod,difor tek eg vare på dei.

130. Dine ord gjev ljos ¬når dei opnar seg,dei gjev den urøynde skjøn.

131. Med lengsle opnar eg munnen,for eg stundar etter dine bod.

132. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig!Det er rett mot dei ¬som elskar ditt namn.

133. Gjer mine steg faste ¬ved ditt ord,lat ingen urett få makt ¬over meg!

Salmane 119