Salmane 119:109-115 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

109. Eg går støtt med livet ¬i hendene,men eg har aldri gløymt di lov.

110. Dei gudlause set snarer ¬for meg,men eg vildrar meg ikkje bort ¬frå dine føresegner.

111. Dine lovbod er min eigedom ¬for alltid,ja, dei gleder mitt hjarta.

112. Etter dine føreskrifter ¬rettar eg meg,og det vil eg alltid gjera ¬til mi siste stund.

113. Eg hatar vinglande menneske,men di lov elskar eg.

114. Du er mitt skjold og vern;eg ventar på ditt ord.

115. Vik frå meg, de som gjer vondt!Eg vil halda min Guds bod.

Salmane 119