Salmane 118:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Eg takkar deg ¬fordi du svara meg,fordi du vart mi berging.

22. Den steinen ¬bygningsmennene vraka,har vorte hjørnestein.

23. Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.

24. Dette er dagen ¬som Herren har gjort;lat oss jubla og gleda oss no!

25. Å, Herre, gjev frelse,å, Herre, lat det lukkast!

26. Velsigna vere densom kjem i Herrens namn!Vi velsignar dykk ¬frå Herrens hus.

27. Herren er Gud, ¬han gav oss ljos.Knyt festtoget saman ¬med greinerheilt opp til altarhorna!

28. Du er min Gud, eg takkar deg;min Gud, eg lovsyng deg.

29. Pris Herren, for han er god,ev ig varer hans miskunn.

Salmane 118