Salmane 118:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Høyr, jubel og sigersrop lyderi telta åt dei rettferdige!Herrens høgre hand ¬gjer storverk,

16. Herrens hand reiser opp.Herrens høgre hand ¬gjer storverk.

17. Eg skal ikkje døy, men levaog fortelja ¬om Herrens gjerningar.

18. Hardt har Herren tukta meg,men han lét meg ikkje døy.

19. Lat rettferdsporten opp ¬for meg,eg vil gå inn og prisa Herren!

20. Her er Herrens port,gjennom den ¬går dei rettferdige inn.

21. Eg takkar deg ¬fordi du svara meg,fordi du vart mi berging.

22. Den steinen ¬bygningsmennene vraka,har vorte hjørnestein.

23. Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.

24. Dette er dagen ¬som Herren har gjort;lat oss jubla og gleda oss no!

25. Å, Herre, gjev frelse,å, Herre, lat det lukkast!

Salmane 118