Salmane 116:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Kom til ro att, mi sjel,for Herren har gjort vel ¬imot deg!

8. Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden,mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall.

9. Eg får ferdast for Herrens åsyni landet åt dei levande.

10. Eg trudde, jamvel då eg sa:«Eg er ille plaga.»

11. I min angst og mi uro sa eg:«Kvart menneske ¬er ein lygnar.»

12. Kva skal eg gje Herren attfor alle hans velgjerningar ¬mot meg?

13. Eg lyfter frelsesstaupetog kallar på Herrens namn.

14. Eg vil halda mine lovnader ¬til Herrenfor augo på heile hans folk.

15. Det er dyrt i Herrens augoat hans trugne døyr.

16. Å, Herre, eg er din tenar,din tenar ¬og son til di trælkvinne.Du har løyst mine lekkjer.

Salmane 116