Salmane 116:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg elskar Herren,for han høyrde megdå eg trygla og bad.

2. Fordi han vende øyra ¬til meg,vil eg kalla på han ¬alle mine dagar.

3. Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg,helheims redsler greip meg,eg fann berre naud og sorg.

4. Då kalla eg på Herren:«Å, Herre, berga mitt liv!»

5. Herren er nådig og rettferdig,miskunnsam er vår Gud.

6. Herren vernar dei umyndige,han kom meg til hjelp ¬då eg var veik.

7. Kom til ro att, mi sjel,for Herren har gjort vel ¬imot deg!

8. Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden,mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall.

9. Eg får ferdast for Herrens åsyni landet åt dei levande.

10. Eg trudde, jamvel då eg sa:«Eg er ille plaga.»

11. I min angst og mi uro sa eg:«Kvart menneske ¬er ein lygnar.»

12. Kva skal eg gje Herren attfor alle hans velgjerningar ¬mot meg?

13. Eg lyfter frelsesstaupetog kallar på Herrens namn.

Salmane 116