9. Israel, set di lit til Herren!Han er deira hjelp og skjold.
10. Arons ætt, set di lit ¬til Herren!Han er deira hjelp og skjold.
11. De som ottast Herren, ¬lit på han!Han er deira hjelp og skjold.
12. Herren kjem oss i hug ¬og velsignar oss.Han velsignar Israels ætt,han velsignar Arons ætt.
13. Han velsignar ¬dei som ottast han,dei små med dei store.
14. Gjev Herren må la dykk ¬auka i tal,både dykk og borna dykkar!
15. Velsigna vere de av Herren,han som skapte himmel ¬og jord!
16. Himmelen er Herrens himmel,men jorda gav han ¬til menneska.
17. Dei døde prisar ikkje Herren,det gjer ingen ¬som stig ned i stilla.
18. Men vi skal lova Herrenfrå no og til evig tid.Halleluja!