Salmane 115:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lat ikkje oss få ære, Herre,ikkje oss, ¬men ditt heilage namn!For du er god og trufast.

2. Kvifor skal folkeslaga seia:«Kvar er no deira Gud?»

3. Vår Gud er i himmelen,alt han vil, det gjer han.

4. Deira gudebilete ¬er laga av sølv og gull;dei er eit verk ¬av menneskehender.

5. Dei har munn, ¬men kan ikkje tala,dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

6. Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra,dei har nase, ¬men kan ikkje lukta.

7. Dei kan ikkje gripa ¬med sine henderog kan ikkje gå med ¬sine føter;dei har ikkje mål i strupen.

8. Såleis vert dei som lagar dei òg,og alle som set si lit til dei.

9. Israel, set di lit til Herren!Han er deira hjelp og skjold.

Salmane 115