Salmane 113:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Halleluja!Syng lovsong, Herrens tenarar,lovsyng Herrens namn!

2. Lova vere Herrens namnfrå no og til evig tid!

3. Frå solrenning til solegladskal Herrens namn vera lova.

4. Opphøgd er Herren ¬over alle folkeslag,over himmelen ¬er hans herlegdom.

5. Kven er som Herren vår Gud,han som tronar i det høge,

6. som ser ned i det djupe,i himmelen og på jorda?

7. Han reiser dei ringe or støvet,lyfter dei fattige or oska

Salmane 113