Salmane 109:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. For eg er arm og fattig,mitt hjarta er såra i min barm.

23. Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar;som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.

24. Knea sviktar fordi eg fastar,min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.

25. Eg har vorte til spott for dei,dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.

26. Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn!

27. Så skal dei merka di hand ¬bak detteog skjøna at du har gjort det, ¬Herre.

28. Om dei forbannar, ¬velsignar du.Om dei reiser seg mot meg, ¬vert dei til skammar,og din tenar kan gleda seg.

29. Lat mine fiendar ¬kle seg i vanæreog sveipa seg i skam ¬som i ei kappe!

30. Så vil eg takka Herren ¬med lovsong,midt i mengda vil eg prisa han.

31. For han står attmed den fattige,vil hjelpa han mot dei ¬so m dømer han.

Salmane 109