Salmane 109:17-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Han elska å forbanna– lat forbanning råka ¬han sjølv!Han lika ikkje å velsigna– lat han aldri få velsigning!

18. Han tok forbanning på ¬som ein kledning– lat henne trengja inn ¬i hans kropp som vatn,i hans bein som olje!

19. Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i,som eit belte ¬han alltid bind om seg!

20. Lat dette vera Herrens løntil dei som klagar megog talar vondt imot meg!

21. Men, Herre, du min Herre,gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld!Berga meg i din godleik ¬og truskap!

22. For eg er arm og fattig,mitt hjarta er såra i min barm.

23. Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar;som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.

24. Knea sviktar fordi eg fastar,min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.

25. Eg har vorte til spott for dei,dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.

Salmane 109