Salmane 106:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Vi har synda med våre fedrar,vi har bore oss ille åt ¬og levt ugudeleg.

7. Då våre fedrar var i Egypt,gav dei ikkje akt ¬på dine under.Dei tenkte ikkje ¬på alle dine velgjerningar,ved Sevsjøen trassa dei deg.

8. Men han frelste dei ¬for sitt namn skuld,for han ville visa ¬si veldige kraft.

9. Han truga Sevsjøen, ¬så han vart turr;gjennom havdjupet ¬førte han dei som på steppa.

10. Han frelste dei frå uveners valdog fria dei ut or fiendehand.

11. Vatnet gøymde ¬deira motstandarar,ikkje ein av dei vart att.

12. Då trudde dei på hans ordog song ein lovsong ¬til hans pris.

13. Men dei gløymde snart ¬hans verkog venta ikkje på råd frå han.

14. Dei vart fylte med brennande ¬lyst i øydemarkaog sette Gud på prøve ¬i det aude landet.

15. Då lét han dei få det ¬dei kravde,men gav dei avsmak på maten.

16. Dei vart harme på Moses ¬i leirenog på Aron, ¬som var vigsla til Herren.

Salmane 106