Salmane 106:40-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

40. Då vart Herren brennande ¬harm på sitt folk,han fekk uvilje mot dei ¬som høyrde han til.

41. Han gav dei i hendene ¬på andre folk,dei som hata dei, ¬vart deira herrar.

42. Fiendane plaga dei hardt,under deira hand ¬vart dei tvinga i kne.

43. Mange gonger fria han dei ut;likevel la dei planar i trassog sokk djupt i synd.

44. Men Herren høyrde deira ropog såg til dei i deira naud.

45. Han kom i hug si pakt med deiog ynkast over dei ¬i sin store truskap.

46. Så lét han dei møta miskunnhjå alle som tok dei til fange.

47. Frels oss, Herre, vår Gud,samla oss frå folkeslaga,så vi kan prisa ¬ditt heilage namnog setja vår ære ¬i å lovsyngja deg.

48. Lova vere Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og heile folket skal seia: ¬Amen!Halleluja!

Salmane 106