39. Dei vart ureine ¬ved sine gjerningar,ved si åtferd ¬var dei trulause mot Gud.
40. Då vart Herren brennande ¬harm på sitt folk,han fekk uvilje mot dei ¬som høyrde han til.
41. Han gav dei i hendene ¬på andre folk,dei som hata dei, ¬vart deira herrar.
42. Fiendane plaga dei hardt,under deira hand ¬vart dei tvinga i kne.
43. Mange gonger fria han dei ut;likevel la dei planar i trassog sokk djupt i synd.
44. Men Herren høyrde deira ropog såg til dei i deira naud.
45. Han kom i hug si pakt med deiog ynkast over dei ¬i sin store truskap.