34. Dei rudde ikkje ut ¬folka i landet,som Herren hadde sagt ¬dei føre,
35. men blanda seg med andre folkog lærte å gjera som dei.
36. Dei dyrka deira avgudsbilete,og dei vart ei snare for dei.
37. Dei ofra sine søner og døtrertil dei vonde åndene.
38. Dei drap uskyldige born.Blodet av sine søner og døtrerofra dei til Kanaans gudebilete,og landet vart vanhelga ¬med blod.
39. Dei vart ureine ¬ved sine gjerningar,ved si åtferd ¬var dei trulause mot Gud.
40. Då vart Herren brennande ¬harm på sitt folk,han fekk uvilje mot dei ¬som høyrde han til.
41. Han gav dei i hendene ¬på andre folk,dei som hata dei, ¬vart deira herrar.
42. Fiendane plaga dei hardt,under deira hand ¬vart dei tvinga i kne.
43. Mange gonger fria han dei ut;likevel la dei planar i trassog sokk djupt i synd.
44. Men Herren høyrde deira ropog såg til dei i deira naud.
45. Han kom i hug si pakt med deiog ynkast over dei ¬i sin store truskap.