27. spreia deira ætt ¬mellom andre folkog strøya dei ut kring i landa.
28. Dei tok til å dyrka Ba’al-Peorog åt av offera til dei døde.
29. Dei krenkte Gud med si åtferd,og pest braut ut imellom dei.
30. Då stod Pinhas fram ¬og felte dom,og dermed stogga pesten.
31. Difor vart han rekna ¬for rettferdigfrå ætt til ætt i alle tider.
32. Dei harma Gud ¬ved Meriba-kjelda;for deira skuld ¬gjekk det Moses ille.
33. Dei gjorde han beisk i hug,så han tala ¬utan å tenkja seg om.
34. Dei rudde ikkje ut ¬folka i landet,som Herren hadde sagt ¬dei føre,
35. men blanda seg med andre folkog lærte å gjera som dei.
36. Dei dyrka deira avgudsbilete,og dei vart ei snare for dei.