Salmane 106:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då trudde dei på hans ordog song ein lovsong ¬til hans pris.

13. Men dei gløymde snart ¬hans verkog venta ikkje på råd frå han.

14. Dei vart fylte med brennande ¬lyst i øydemarkaog sette Gud på prøve ¬i det aude landet.

15. Då lét han dei få det ¬dei kravde,men gav dei avsmak på maten.

16. Dei vart harme på Moses ¬i leirenog på Aron, ¬som var vigsla til Herren.

17. Då opna jorda seg, ¬gløypte Datanog gøymde flokken åt Abiram.

18. Det braut ut eld ¬i flokken deira,og logen øydde ¬dei gudlause menn.

Salmane 106