Salmane 106:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Halleluja!Pris Herren, for han er god,hans miskunn varer ¬til evig tid.

2. Kven kan rekna opp ¬Herrens storverkog prisa han for alt ¬han har gjort?

3. Sæle er dei ¬som gjev akt på Guds viljeog alltid gjer det som er rett.

4. Herre, kom meg i hug ¬og lat meg få kjennaden godhug du har ¬for ditt folk.Kom til meg med di frelse,

5. så eg kan sjå kor godt det går ¬dine utvalde,gleda meg med ditt glade folkog prisa meg lukkelegsaman med dei ¬som høyrer deg til.

6. Vi har synda med våre fedrar,vi har bore oss ille åt ¬og levt ugudeleg.

Salmane 106