Salmane 105:8-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid,det ord han gav til tusen ætter,

9. den pakt han gjorde ¬med Abraham,sin dyre lovnad til Isak.

10. Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob,til ei evig pakt for Israel.

11. Han sa: «Deg vil eg gjeKanaan til arv og eige.»

12. Då dei endå var få i landet,ein liten flokk av innflyttarar,

13. vandra dei frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

14. Men han lét ingen få kua dei,han tukta kongar ¬for deira skuld:

15. «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»

16. Han kalla hungersnaud ¬over landet,og kvar brødstav ¬braut han sund.

17. Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei,Josef vart seld til træl.

18. Dei tvinga hans føter i lekkjer,og jern vart lagt ¬om hans hals,

19. heilt til det han sa, slo til,og Herrens ord gav han rett.

20. Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri,folkestyraren sleppte han laus.

21. Han sette han til herre ¬over sitt hus,til styrar over alt det han åtte.

22. Etter sin eigen viljeskulle han rettleia ¬kongens stormennog læra hans eldste sin visdom.

23. Så kom Israel til Egypt,Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.

Salmane 105