Salmane 105:34-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. På hans bod ¬kom ein grashoppesvermog larver i tallaus mengd.

35. Dei åt opp alt ¬som voks i landet,og grøda på marka gnog dei av.

36. Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet,fyrstegrøda av folkets kraft.

37. Så førte han israelittane ut,og dei tok med seg sølv og gull;det var ingen ¬i hans ætter som snåva.

38. I Egypt var det glede ¬då dei drog ut,for folket skalv ¬av redsle for dei.

39. Han breidde ut ei sky til vernog ein eld til å lysa om natta.

40. Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlarog metta dei med himmelbrød.

41. Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram,det rann som ei elv ¬i det turre landet.

Salmane 105