Salmane 105:19-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. heilt til det han sa, slo til,og Herrens ord gav han rett.

20. Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri,folkestyraren sleppte han laus.

21. Han sette han til herre ¬over sitt hus,til styrar over alt det han åtte.

22. Etter sin eigen viljeskulle han rettleia ¬kongens stormennog læra hans eldste sin visdom.

23. Så kom Israel til Egypt,Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.

24. Gud lét folket sitt aukast mykjeog gjorde det sterkare ¬enn fiendane.

25. Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folkog fór med svik ¬mot hans tenarar.

26. Då sende han Moses, sin tenar,og Aron, som han hadde ¬valt ut.

27. Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket,undergjerningar ¬i hamittarlandet.

28. Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på,trassa dei endå hans ord.

29. Han gjorde vatnet der til blodog lét fisken deira dauda.

30. Det krydde av frosk i landet,jamvel i kongens salar.

31. På Guds påbod kom det kleggog mygg i kvar ei bygd.

32. Han gav dei hagl ¬i staden for regnog sende logande eld ¬i landet;

33. han slo ned deira vintre ¬og fikentre,ja, knuste kvart tre i riket.

34. På hans bod ¬kom ein grashoppesvermog larver i tallaus mengd.

Salmane 105