18. Dei tvinga hans føter i lekkjer,og jern vart lagt ¬om hans hals,
19. heilt til det han sa, slo til,og Herrens ord gav han rett.
20. Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri,folkestyraren sleppte han laus.
21. Han sette han til herre ¬over sitt hus,til styrar over alt det han åtte.
22. Etter sin eigen viljeskulle han rettleia ¬kongens stormennog læra hans eldste sin visdom.
23. Så kom Israel til Egypt,Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.
24. Gud lét folket sitt aukast mykjeog gjorde det sterkare ¬enn fiendane.
25. Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folkog fór med svik ¬mot hans tenarar.
26. Då sende han Moses, sin tenar,og Aron, som han hadde ¬valt ut.
27. Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket,undergjerningar ¬i hamittarlandet.
28. Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på,trassa dei endå hans ord.
29. Han gjorde vatnet der til blodog lét fisken deira dauda.
30. Det krydde av frosk i landet,jamvel i kongens salar.