Salmane 104:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lov Herren, mi sjel!Stor er du, Herre, min Gud!I høgd og herlegdom ¬har du kledt deg,

2. ljoset er kappa du sveiper ¬deg i.Du har spent himmelen ut ¬som ein teltduk

3. og tømra din høgsal i vatnet.Du gjer skyer til di vognog fer fram ¬på vengene åt vinden.

4. Vindar gjer du til sendebod,eld og logar til dine tenarar.

5. Du grunnla jorda ¬på hennar søyler,aldri i æve skal ho rikkast.

6. Havdjupet gøymde henne ¬som ei kappe,vatnet stod over fjella.

7. Men det flydde ¬for ditt trugsmål,laut røma for ditt toremål.

8. Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar,til staden du hadde fastsett ¬for det.

9. Du sette ei grense ¬det ikkje går over,det skal ikkje gøyma ¬jorda meir.

10. Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane,bekker renn mellom fjella.

11. Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka,der sløkkjer villesla sin torste.

Salmane 104